Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Koronastatus for Ål 30.10.20

Oppdatering etter møte i kriseleiinga fredag 30/10:
Ved Ål ungdomsskule er klasse 8B pluss ei tyskgruppe i karantene fram til prøvesvar er kjent. Dette kjem truleg i løpet av helga.
Sundre barnehage går over til raudt nivå frå måndag 2/11. Dette inneber mindre grupper og kortare opningstid. Heimane er orienterte.
Ål kommune ber om at vi unngår unødvendig reising.
Torsdag 29/10:
Vi har fått 3 nye påviste tilfelle av koronasmitte i Ål kommune. Smittekjelda for desse er kjent. Torpo barnehage er stengt, og alle tilsette og born er i karantene.

Frå måndag blir det vurdert om barnehagane i Ål kommune går over til raudt nivå. Dette vil seie kortare opningstider, mindre kohortar og strengare rutinar.
Grunna fortsatt uoversiktleg smitteutbrot i utvikling i Hallingdal, tilrår kommuneoverlegeforum (KOLF) at kriseleiingane vidarefører tiltaka under tom søndag 8.11.20.
Dette for å begrense vidare spreiing av Covid-19 i Hallingdal.
Ål kommune støtter denne tilrådinga!
  • Unngå unødvendig reising!
  • Begrense besøk ved sjukeheimar, helseinstitusjonar og omsorgsbustader, samt føre streng oversikt over besøkande.
  • Gi gode råd om aktivitet og åtferd til helsepersonell, både på jobb og i det private.
  • Begrense sosiale, og private samankomstar til eit minimum.
  • Innføre begrensning på maksimalt 10 personar ved private samankomstar.
  • Pause fritidsaktivitetar og arrangement for born og unge dei neste 10 dagar.
  • Skjerpe inn tiltak for «gult nivå» ved skular og barnehagar.
  • Fysiske møter, kurs og reiser i kommunal/offentleg regi bør begrensast til eit absolutt minimum.
  • Besøkskontroll ved kommunehusa.
    Tingstugu og NAV Ål er STENGT for drop in
Presiseringar til tiltaka over:

  • For skule – gult trafikklys og tiltak som ved skulestart.
  • Maks 10 personar som kan være samla privat gjeld ôg for Halloween-feiringar. Gjeld både ute og inne.
  • Lokale retningslinjer overstyrer nasjonale, sidan kommunane kan innføre strengare tiltak lokalt grunna smittesituasjonen både for private samankomstar og for arrangement.
  • Det kan vurderast å opne treningssentre for individuell trening, men all gruppetrening bør setjast på vent