Vi har no fått eit nytt påvist tilfelle av koronasmitte i Ål kommune.
Smittekjelda er kjent.
Det er god oversikt over nærkontaktar. Desse har fått beskjed og er satt i karantene.
Ål kommune har utvida kapasiteten for koronatesting, og eit betydeleg antal vil bli testa dei næraste dagane.
Vi minner om smittevernreglane som det fortsatt er viktig å følge:
- Hald avstand – minst ein meter
- Vask hendene ofte
- Bruk handdesinfeksjonsmiddel om handvask ikkje er mogeleg
- Host/nys i papirtørkle eller albuekroken
- Om du hostar eller har andre symptom på forkjøling - bli heime!