Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Koronasertifikat

Testrutiner for koronasertifikat - Ål Legekontor

Korornasertifikat FHI

På grunn av aukande spørsmål om testing i samband med koronasertifikat har vi innført følgjande:

Ål Legekontor kan ikkje tilby testing ved hurtigtest for koronasertifikat i sommar. Dette er fordi vi har lågare kapasitet til denne oppgåva under ferieavvikling. Kommunane er ikkje pliktig til å yte denne tenesta. Vi må prioritere testing i samband med mistanke om smitte, samt andre øyeblikkeleg hjelp situasjonar.

Hurtigtest krevjer meir ressursar då den skal analyserast lokalt i etterkant og resultatet førast inn til HelseNorge.

Vi kan tilby testing ved PCR-test (hals- og dyp neseprøve - innsendingsprøve til analyselaboratorium), då dette er ein mindre arbeidskrevjande testmetode for oss. Dette vil koste 600,- som er analysekostnadene frå analyselaboratoriet for ein slik test.
Det finst private tilbydarar som tek hurtigtest for koronasertifikat, og dette vil vere alternativet for dei som ikke ynskjer å ta PCR-test for dette formålet. Det vert tilådd å ta kontakt med ein av desse i framkant for å avtale testing.