Informasjon om sjølvtesting for korona
Nokre pasientgrupper med høgare risiko for alvorleg forløp av korona bør vurderast for rask oppstart av behandling med Paxlovid. Dei er difor tilrådd å ta ein sjølvtest ved nyoppståtte luftvegssymptom.
Du kan lese meir om kven dette gjeld for her: Covid-19 - Hva er korona? - Helsenorge
Ål kommune har gratis utlevering av sjølvtestar i foajeen ved Ål helsesenter kvardagar kl 8.30-15.00 og på Servicetorget på Tingstugu kvardagar kl 09-15.
Ta kontakt med legekontoret dersom testen er positiv. Viss sjølvtesten er negativ og symptoma held fram, bør du tar ein ny sjølvtest kvar dag fram til dag fire.
For alle andre gjeld generelle råd:
· Du bør halde deg heime viss du føler deg sjuk med luftvegssymptom. Ved restsymptom som rennande nase, snørr, hesheit og noko hoste kan du leve som normalt.
· Du trenger ikkje teste deg for korona selv om du har luftvegssymptom.
· Hugs god hoste- og handhygiene.
· Unngå kontakt med personar i risikogrupper.
· Bruk munnbind viss du må oppsøke stader med mange menneske, eller må besøke nokon i risikogruppa.