Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Korleis meistre kvardagen som pårørande til barn/unge med autisme?

Hallinghelse arrangerer og inviterer foreldre/føresatte til ein kveld med erfaringsdeling, dialog og informasjon relatert til pårøranderolla og meistring i kvardagen.

Målgruppe

Foreldre/føresatte til barn og unge med autisme i Hallingdal.

Innhald

- Velkomen v/ Hilde Vedø, kommunepsykolog i Hallinghelse.

- Å leve med autisme i familien. Meistring på tross av kvardagens utfordringar, og sjølvhjelpsgruppe med moglegheit for støtte. Erfaringsdeling m/mor Tone, i dialog med Ragna Torkelsgard, Hallinghelse.

- Sjølvhjelp i Hallingdal - Saman om endring; det er i fellesskap med andre vi blir sett og løfta v/Ragna Torkelsgard, koordinator læring og meistring Hallinghelse.

- Ulike måtar å forstå autisme på (variasjon eller sjukdom) v/Bjørn Kure, pappa til Iben og spesialpedagog.

- Vegen vidare? Dialog og innspel til kvelden og kva vi kan hjelpe kvarandre med framover. Avslutning og evaluering.

Tid og stad

Onsdag 26.10.22 kl. 18:30-20:30.
Gol Frivilligsentral, Breidokkgutu 10.

Arrangør og kontaktpersonar

Hallinghelse er arrangør. For spørsmål, ta kontakt:

Hilde Vedø - Kommunepsykolog, Hallinghelse.
E-post: hilde.vedo@hallingdal.no Tlf: 477 93 682

Ragna Torkelsgard - Koordinator læring og meistring, Hallinghelse.
E-post: ragna.torkelsgard@hallingdal.no Tlf. 950 69 313

Påmelding

Påmelding via Kurs i Hallingdal
Påmeldingsfrist 26.10.22 Ingen kostnad.

Sist endret: 29.11.2022