Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kontakt Ål kommune på eDialog

No kan du sende brev og dokument digitalt og trygt

Kontakt oss på eDialog
Illustrasjon e-post Clker free images Pixabay
Ål kommune har teke i bruk tenesta eDialog. Med eDialog kan du sende brev og dokument digitalt på ein sikker måte, også dokument som er unnateke offentlegheit. 
Vanleg e-post er ikkje rekna å vera ein sikker kanal, og du skal ikkje nytte e-post om du skal sende sensitive opplysningar til kommunen.
Slik loggar du inn i eDialog
Logg inn via eDialog
• For å bruke tenesta må du logge inn via ID-porten
• Når du har logga deg inn fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.
Slik fyller du ut skjemaet:
  •  Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummer
  • Kommentar: Gje eventuelt greie for sendinga di
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert send direkte til sak/arkivsystemet vårt.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).
Du kan bruke eDialog viss du skal:
  • Sende dokument til saksbehandling eller journalføring
  • Sende sensitiv post med konfidensielle opplysningar
Du skal ikkje bruke eDialog dersom:
  • Du har generelle spørsmål. Da kan du ta kontakt på chat, telefon, eller sende e-post til postmottak@aal.kommune.no 
  • Kommunen har elektronisk skjema til formålet, til dømes søknad om barnehagepass, søknad om stilling. Søknadsskjema finn du her.
  • eDialog skal ikkje nyttast for dialog med legetenesta, barneverntenesta, helsestasjon, PPT
eDialog kan også bli brukt til å svare på brev frå kommunen
Når du får eit elektronisk brev frå oss som me ber om svar på legg me inn ei lenke til eDialog i brevet. Når du er logga inn i din valte elektroniske postboks (Altinn, Digipost eller e-Boks) for å lese brevet, kan du klikke på lenka og svare direkte til systemet vårt.