Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunikasjon skule-heim

Ny app for kommunikasjon mellom skule og heim

Logo min skole app

Frå skulestart i august kjem alle skulene i Ål til å nytte appen «Min skole - foresatt» for kommunikasjon med heimane. Ordninga med å sende SMS til dei lange nummera, vil utgå fordi leverandøren VISMA avsluttar denne tenesta. Me ynskjer at de lastar ned appen og loggar inn i god tid før skulestart.

I appen kan de sende meldingar til og motta meldingar frå skulen, samt legge inn fråvær og søknad om 1-2 dagars permisjon. De kan også sjå oversikt over det samla fråværet til barnet og SFO-informasjon/terminkarakterar.

For å søke om permisjon for 3-10 dagar, må de gå inn på
«Heimeweb»: https://skole.visma.com/aal/Account/Login?returnUrl=%2Faal

Data frå appen blir handsama og lagra i Noreg i samsvar med gjeldande GDPR-regelverk.
Appen finnast førebels berre på bokmål og engelsk.

Brukarrettleiing finn de her

Meir informasjon frå VISMA finn de her