Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommune-Kari

Ål kommune har fått ein chatbot

Kommune-Kari

Nesten 60 % av spørsmål til kommunen kjem utanfor opningstida.
Kommune-Kari blir aldri lei av å svare på spørsmål frå innbyggjarane om kommunale tenester, søknadsfristar og opningstider. Ho jobbar døgnet rundt og blir smartare for kvar dag

På kort tid har Kari blitt den mest populære chatboten i Noreg og er i dag tilsett på servicekontoret i over 80 kommunar.

Spar tid

Kommune-Kari gjer kommunane i stand til å svare på fleire spørsmål enn tidlegare. Den korte tida ho brukar på å svare gjer at kommunen kan yte betre service til innbyggjarane, fokusere på dei meir omfattande oppgåvene og samtidig spare kostnader.

Kari jobber heile døgnet, noko som har resultert i at mellom 40 - 50 % av alle spørsmål blir sendt inn etter at servicetorget har stengt.

Over 6000 svar

Kari betjener ca. 1,6 millionar av innbyggjarane i Noreg. Det vil seie at innbyggjarane  i første omgang ikkje snakkar med eit menneske når dei chattar med kommunen, men får svara sine direkte frå databasen til chatboten.
Kommune-Kari har i dag over 6000 svar i denne basen. Det gjer Kari til ein av verdas største chatbotar. Suksessen med Kari er eit resultat av alle kommunane som bruker Kari i dag, delingskulturen dei har seg imellom og det gode samarbeidet.