Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunalsjef oppvekst

Søknadsfrist 29. september 2019. Oppstart 1. januar 2020

Illustrasjonsteikning 3d man

Ål kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kommunalsjef med ansvar for fem kommunale barnehagar, fem skular, PPT for Ål og Hol, Ål kulturskule, Innvandrartenesta og Ål helsestasjon, totalt ca. 180 årsverk. 


Kommunalsjefen rapporterer til rådmannen og bidreg i leiargruppa med eit heilskapleg og strategisk perspektiv innan oppvekst og utdanning.
Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "tett og tidleg på" og "auka læringsutbytte" er viktige mål. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø".

Oppvekstsektoren har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der pedagogisk bruk av digitale verktøy vil ha hovudfokuset framover.

Som kommunalsjef oppvekst kan du skape kunnskapsbasert kvalitet og utvikling i ein sektor som betyr mykje for barn, foreldre og lokalsamfunn. Du får ei sentral rolle i den strategiske leiinga av ein kommune som er prega av innovasjon og utvikling. Du vil få høve til å bygge felles kultur og gode relasjonar til medarbeidarar, politikarer, innbyggarar og samarbeidspartnarar. 

Arbeidsoppgåver

  • overordna ansvar for kommunale barnehagar og skular, PPT for Ål og Hol, Ål kulturskule, Innvandrartenesta og Ål helsestasjon
  • personalansvar for 14 avdelingsleiarar og stab
  • økonomi- og budsjettansvar
  • utvikling av fagleg kvalitet i sektoren
  • initiere og følge opp utviklingsprosjekt
  • systematisk arbeid med rapportering og styringsverktøy
  • deltar i regionalt samarbeid og bidra til interkommunalt arbeid

Kvalifikasjonar

  • 4-5 år relevant høgare utdanning innan barnehage/skule/utdanning
  • leiarerfaring innan oppvekst eller utdanning
  • ønske om utdanning innan leiing og styring
  • kan vise til gode resultat frå tidlegare stillingar
  • forstår og mestrar samspelet mellom politikk og administrasjon
  • god kjennskap til det pedagogiske fagfeltet og til overordna plan- og styringssystem
  • erfaring frå kommunal sektor, utviklings- og omstillingsarbeid er ein fordel

 Personlege eigenskapar

  • evne til å motivere medarbeidarar og skape entusiasme
  • tydeleg leiar med interesse for menneske og å skape gode prosesser 
  • svært god på kommunikasjon og samhandling
  • stort engasjement, god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
  • tillitsvekkande relasjons- og nettverksbyggar
  • tenkjer nytt og er utviklingsorientert (innovativ)

 Me tilbyr:

  • ei interessant leiarstilling med spennande og varierte arbeidsoppgåver der du er med på å utvikle Ål-samfunnet
  • eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • ein kompetent stab og engasjerte og dyktige avdelingsleiarar
  • lønn etter avtale og gunstig pensjonsordning
  • hjelp til bustad 

Spørsmål om stillinga

Søkjarar som ynskjer å vere unnteke offentleg må begrunne dette særskilt. I henhald til Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du få varsel om.

Søknadsfrist 29.september 2019. 

Oppstart 1.januar 2020