Spennande toppleiarstilling i ei levande fjellbygd!
Stillinga som Kommunalsjef for drift og utvikling i Ål kommune blir ledig!
Er du ein erfaren leiar med sterke strategiske ferdigheiter og et engasjement for berekraftig utvikling? Ynskjer du å medverke til vekst og fornying i ein spennande kommune? Da kan du vere den vi søkjer!
Vår Kommunalsjef skal gå av med pensjon, og vi søkjer etter ein stødig og trygg leiar som kan overta stafettpinnen og vere med på å føre Ål Kommune vidare inn i framtida. Hjå oss vil du vere med på utviklinga av ein sektor som betyr mykje for kommunen som ein heilskap. Me søkjer deg som er klar til å møte utfordringane som kjem, samt motivere og engasjere våre tilsette og bidra til sektoren si utvikling.
Vi ser etter ein leiar som ynskjer å skape gode relasjonar til medarbeidarar, politikarar, innbyggarar og andre samarbeidspartnarar. Du må ha god rolleforståing for korleis ein jobbar i ein politisk styrt organisasjon. I tillegg til å leie eigen sektor vil du også vere ein del av kommunens strategiske leiing gjennom deltaking i rådmannens leiargruppe. Her er vi ein allsidig gjeng og det er stor takhøgd!
Søknadsfrist 20. desember.
Du finn meir informasjon om stillinga her: