Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kartlegging av beitekvalitet

NIBIO skal kartlegge beitekvaliteten i området Sirestølane i Vats - Liatoppen - Torpoåsen.

Foto: NIBIO.no

NIBIO har fått i oppdrag å kartlegge beitekvaliteten i området Sirestølane i Vats – Liatoppen – Torpoåsen, sjå kart. 4 personar frå NIBIO er ute på Åsen i desse dagar. Dei starta opp arbeidet 13. juni og held fram til 01. juli.

Beitekvaliteten bli bestemt av vegetasjonen. Kva for vegetasjon som veks i området avheng av berggrunn og jordsmonn, klima, snødekke, tilgang til vatn, påverknad frå mennesker og dyr, samt naturleg suksesjon. NIBIO teiknar kart over vegetasjonen og deler inn kva område som har god kvalitet for sau og kyr.

Sist endret: 20.06.2022