Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Karantenereglar

Informasjon frå kommuneoverlegen i Ål kommune

Informasjon om karantene

Dersom du er i karantene skal du ikkje ha nærkontakt med andre.
Du skal halde deg heime og ikkje motta besøk. Du skal altså ikkje gå på jobb, skule, aktivitetar, på butikken eller ta offentleg transport.

Dersom du ikkje har kjende som kan handle for deg, har kommunen ordningar som kan hjelpe deg med dette. Du kan ta deg ein tur ut for å få frisk luft, men ikkje oppsøke stader der du møter folk. Du skal ikkje utføre aktivitetar med risiko for skade slik at du aukar risikoen for å måtte få hjelp av andre.
Du skal også halde avstand til dei du bur saman med – ikkje opphalde dykk i samme rom utover kortvarig passering, ikkje bruke bruke samme toalett eller kjøkken. Dersom dette ikkje er mulig vil du få særskilde råd frå smitteverngruppa.

Det er ulike former for karantene, men i alle høve må du følgje karantenereglane.

Karantenetida varer så lenge som smitteverngruppa gir deg beskjed om.

Smittekarantene: du blir sett i smittekarantene dersom du blir definert som nærkontakt til ein person med påvist Covid-19. Du får då beskjed av smittesporingsgruppa om det. Alle som blir sett i smittekarantene blir anbefalt å teste seg så snart som mogeleg. Me brukar då som hovudregel både hurtigtest for rask avklaring og PCR-test som er meir sensitiv, men som me ikkje får svar på før vanlegvis dagen etter prøvetaking. Me anbefaler også test minimum 7 dagar etter siste kontakt med den smitta. Dersom denne testen, som skal vere ein PCR-test, er negativ kan du avslutte karantene. Viss du ikkje testar deg varer karantenen i 10 døgn.

Ventekarantene (avklaringskarantene):ein definert nærkontakt kan allerede ha rukke å smitte dei han bur saman med. Husstanden, og eventuelt andre tilsvarande nære, blir difor sett i ventekarantene fram til nærkontakten har fått første negative testsvar. Me går då ut frå svar på PCR-testen, ikkje hurtigtest. Forutsetninga for at husstanden då skal kunne avslutte ventekarantene, er at den definerte nærkontakten har halde avstand til resten av familien som skildra i innleiinga.

Utvida karantenesetting: dette blir brukt i nokre situasjonar ved uoversiktlege smitteutbrudd i større miljø som ein skule eller arbeidsplass med tett miljø. Vanlegvis blir dette gjort i nokre dagar mens smittesporingsgruppa jobbar for å få oversikt. Du skal også då forhalde deg til karantenereglane. Husstanden din er ikkje i ventekarantene.

Dersom du er i karantene og har spørsmål kan du ta kontakt med legekontoret tlf 3208 5350