Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kantslått

Tid for kantslått.

Sumaren er tid for kantslått. Me skal no i gang med dette, for å hindre spreiing av uønskte artar og for å bidra til trafikksikker og hyggeleg ferdsel langs vegane. Det viktigaste er at bilistane langs vegane har god sikt. Med kantslått passar me på at vegkantane ikkje blir overgrodde, seier avdelingsleiar Dag Hovde i veg og park.

Kantslått gjort på rett tidspunkt skal fremje naturleg blomstermangfald og gi leveområde for sårbare pollinatorar.

– Det er eit litt spesielt dilemma. Om me let vere å ta
kantklippen, tek lauvskogen over. Det går igjen utover
artsmangfaldet.

Me prøver å ta kantklyppen to gonger alle plassar. Då spreier
forhåpentlegvis blomane frøa sine på nytt slik at biene får det
dei treng.

At me heldt skogen nede langs kantane, vil også hjelpe å få opp
artsmangfaldet.

Om kantane ikkje blir slått, hadde det ikkje vore blomar
der. Då hadde det grodd att med skog, slik at det ville stått heilt
inn i vegkanten. Det lever insekt i skogen òg, men den type
insekt som er avhengig av blomar får god nytte av at
vegkantane blir slått, fortel Hovde.

 

Sist endret: 19.09.2023