Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Julehelsing frå ordføraren

Julehelsing 2021

Året 2021 har vore eit år fylt av store kontrastar. Til liks med kommunar over heile landet, har seinhausten bydd på rekordhøge straumprisar, noko som pregar nyheitsbiletet og økonomien til både privatpersonar og næringsliv. Mange opplever at dette er svært krevjande og det er difor gjort grep for å avhjelpe situasjonen på kort sikt denne vinteren. Slik prognosane ser ut no kjem det likevel til å vera store svingingar i kraftmarknaden i fleire år framover, og det må me som straumkundar førebu oss på. Rikspolitisk gjeld det å finne varige ordningar med meir føreseielege prisar.

Covid-19 er den andre store saka som dessverre også har prega store delar av dette året. Eg kan ikkje anna enn å takke alle som gjer sitt i denne krevjande tida for å få samfunnet til å fungere best mogleg. Tusen takk til alle innan reinhald, helse- og oppvekstsektoren som har stått og står i førstelinja, og på den måten gjer at samfunnet fungerer. Det er mange som gjer enormt mykje for andre i denne tida! Takk til alle kulturarbeidarar, alle frivillige og alle innan reiseliv og servicebransje som må gjera om på planar, avlyse arrangement, tåle avbestillingar og nye nedstengingar. Dette er forferdeleg seigt og til stor bekymring. Mange kjenner dessutan at einsemda er tung å takle, og alle er smerteleg klar over at det finst få alternativ når smitta florerer. Takk til alle som vaksinerer seg, og som på den måten avlastar sjukehus og helsepersonell.

Året 2021 har likevel hatt fantastisk mykje positivt å by på! Ål kommune fekk to prisar me er uendeleg stolte av: Me vart kåra til årets kulturkommune og årets nynorskkommune! Begge prisane har sett Ål og Hallingdal på kartet på ein positiv måte, og mange frå kultursektoren vil besøke bygda og dalen vår i året som ventar. Dette er ein eineståande sjanse til å marknadsføre alt det positive me har å by på! Prisane hadde ikkje vorte tildelt Ål om det ikkje var for innbyggjarane våre. Takk, og gratulerer til oss alle!

Eg vil nytte høvet til å takke alle som gjer lokalsamfunna her til gode stader å leva og vera for bygdafolk og hyttehallingar. Ål og Hallingdal blir så bra fordi folka gjer ein forskjell! Det er gledeleg å sjå at Hallingdal har hatt ein netto folketalstilvekst i 2021 på meir enn 100 nye hallingar! Me treng rekruttering av fagfolk i mange bransjar og fleire dedikerte tilsette i offentleg tenester, me treng eit næringsliv som utviklar seg og satsar, og me treng frivillige som set farge på bygdene, med stor innsats for andre, gjennom arrangement, dugnadsarbeid og trivselstiltak! De betyr noko, kvar og ein av dykk!

Jula er tida for å takke for all innsats, for gode minne og for fine høgdepunkt for både Ål og Hallingdal:

  • Årets kulturkommune
  • Årets nynorskkommune
  • Elvelangs / Ål vasspark
  • Stakkekjerringane / Sundre Vel
  • Ålingen kjøpesenter – med friske fråspark
  • Inspirerande bedriftsbesøk.
  • Leksvol og feiring av 20-årsjubileum for bufellesskapet
  • Mange nye miljøfyrtårn-bedrifter
  • TV-aksjonen – flott innsats av 9.klassingar og sjåførar
  • Ål stibyggarlag og opning av Hallingsprettløypa
  • Samarbeid med 4.trinn om «Lokalsamfunnet vårt»
  • Bygdepride og Hallingpride arrangert for fyrste gong!
  • Ål – genseren – ny strikkeoppskrift.
  • Ål introsenter
  • Nyopning Deaf Aid-butikken
  • Kunstutstillingar, Rolf Nesch-jubileum og nye skilt.
  • Eldredagen 1.oktober, med to fulle hus i Hallingdal feriepark
  • Middagar 65+ hjå mange serveringsstader i heile kommunen.
  • Fire ærefulle bryllaupsoppdrag på Tingstugu, Sangefjell og Nordvang
  • Babyskinn til alle nyfødde ålingar
  • Bu og blilyst-satsing
  • Utviklingsarbeidet i Hallingdal barnevern
  • Fleire avgangar Bergensbanen
  • Jobb i Hallingdal – sjekk nettsida.
  • God framdrift Ringeriksbanen og Vegpakke Hallingdal
  • «Sats på Hallingdal» er i gang
  • Hallingdal som berekraftig reisemål
  • Fagskulen i Viken, avd. Geilo
  • Nordfjella – ingen vinterjakt
  • Innovasjonssatsing i Hallingdal
  • Partnarskapsavtale med Viken fylke
  • Embetsgarden på Nesbyen opna i juni
  • Ny samarbeidsavtale om Hallingdal sjukestugu
  • Grønn vekst Hallingdal
  • Norges friluftshøgskole i Hemsedal
  • Defa
  • Tråkk’n Roll og sykkelsatsing i heile dalen.
  • Nye industriområde spreidd rundt i Hallingdal
  • Ung Invest – landsomfattande læringsfestival på Geilo
  • Shuttle-buss-tilbod ved fleire togstasjonar
  • Vidareføring Hallingdal etablerersenter
  • Satsing og samarbeid for Nortura Gol
  • Protan
  • Reine element

 

2022 vil by på nye utfordringar, viktige møte, trivelege ordføraroppdrag, lærerike konferansar, nokon turar som vara på Stortinget og mange møte med menneske, i både sol og regn.

Ordførarlivet er meir mangfaldig enn dei fleste trur, og eg går optimistisk eit nytt år i møte og takkar for det privilegiet det er å få vera ordførar i Ål og regionrådsordførar i Hallingdal!

Takk for alt godt og kontruktivt samarbeid, med innbyggarar, offentleg tilsette, hyttefolk, næringsdrivande, interkommunale selskap, Ål utvikling, lokale medier og alle engasjerte folkevalte i Ål og Hallingdal!

Takk til Karsten rådmann, Geir i Ål kraftverk og Jan Olav i Regionrådet. De er alle tre viktige samarbeidspartnarar for meg og oss folkevalte i Ål og Hallingdal.

Avslutningsvis sender eg ein digital klem til mine næraste ordførarkollegaer Petter, Heidi, Pål, Tore og Merete. Saman går me for gull! Bygda 2.0 – Hallingdal går foran!

Eg håpar 2022 byr på liv og lyst (og lite sjukdom) for oss alle!

God jul og godt nytt år!

Solveig Vestenfor