Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Jegermøte og ope møte om reetableringa i Nordfjella

Det vert halde ope møte om reetableringa av villrein i Nordfjella. Møtet vert arrangert i samband med det tradisjonelle Jegermøtet.

Dei to oppsette møta har same innhald.

Aurland 15.08.2022
Stad: Gymsalen ved Aurland idretts- og samfunnshus
Tid: kl. 18.00

Hol 16.08.2022
Stad: Bygdahall, Hagafoss
Tid: kl. 18.00

Enkel servering

Agenda (begge møta)

Velkomen ved Sigurd Vikesland, leiar i Villreinutvalet

18.00 Jakta 2022 Informasjon til jegerane, ved villreinutvalet
• Jakttider
• Samjakt
• Prøvetaking
• Oppsyn
• Transportløysingar

18.35 Matbit
I Hol: kombinert med kortutdeling

19.00 Reetablering i Nordfjella

• Arbeidet i Reetableringsgruppa; avvegingar og verdival - Olav Strand (NINA/Norsk villreinsenter)
• Moglege løysingar
      o Plan A – Harald Skjerdal (sekretær, villreinutvalet)
      o Plan B – Bjørnar Ytrehus (veterinær, Sveriges lantbruksuniversitet)
      o Villreinnemnda sitt hovudfokus i reetableringa – Olav J Bøthun (nestleiar, Villreinnemnda)
• Perspektiv frå Nasjonale styresmakter Miljødirektoratet v. Kari Bjørneraas og Mattilsynet v. Julie Grimstad.
• Open post: spørsmål og innspel til reetableringa. Panel av innleiarane.
Ordstyrar: Sigmund Tveitehagen (medl. Reetableringsgruppa, tidl. leiar Villreinutvalet)

Vel møtt!

Villreinutvalet for Nordfjella og Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell

Sist endret: 02.08.2022