Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Innspelsmøte frivilligstrategi

Alle frivillige organisasjonar er velkomen! Måndag 26. september, klokka 19:00 – 21:30. Galleri Syningen, Ål Kulturhus

Me ynskjer alle frivillige organisasjonar i kommunen velkomen til innspelsmøte slik at me saman kan skape ein frivilligstrategi for Ål kommune

Påmelding til Turid Hilde Gåsbakk innan 21. september
e-post: thg@aal.kommune.no eller sms: 476 37 249

Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggjande for eit levande lokalsamfunn. Interessa og behovet for samarbeid mellom dei frivillige og kommunen har auka i løpet av dei siste åra. Ein god relasjon og dialog mellom kommunen og lokale organisasjonar spelar ein stor rolle for korleis me saman kan skape eit godt lokalsamfunn. Kommunen ønsker å utvikle ein frivilligstrategi som grunnlag for den utøvande frivilligpolitikken i Ål. Me treng innspel frå dei frivillige.

Kommunen har inngått ei avtale med Frivillighet Norge som vil vere ansvarleg for det faglege innhaldet på møtet, utarbeiing av rapport og endeleg frivilligstrategi.

Arbeidet med frivilligstratgien vil gå føre seg hausten 2022. Det vil bli lagt stor vekt på forankring både blant politikarane, kommuneadministrasjonen og dei frivillige organisasjonane. Ansvarleg for prosjektet i Ål kommune er Ål Frivilligsentral v/Turid Hilde Gåsbakk og Kulturkontoret v/Kristine Jacobsen Kapperud.

PROGRAM

Velkomen
Ål Frivilligsentral

Presentasjon av deltakarar og dialog om tema
Frivillighet Norge

Organisasjonane si rolle som nærmiljøbyggjar
Frivillighet Norge

Fakta om frivilligheit
Frivilligpolitikk
Samspel og samarbeid
Korleis skape større rom for frivilligheit i kommunen

Organisasjonane sine utfordringar, ressurser og kommunens rolle som til retteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita

Oppsummering

Vegen vidare

Det vert enkel servering under møtet

frivilligheit.jpg

Sist endret: 28.09.2022