Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Innbyggarundersøkinga om reiselivsutviklinga i Ål

Ål Utvikling håpar mange ålingar vil svare på innbyggerundersøkinga. Svarfrist 12. juni.

Foto: Ål utvikling

Ål er under arbeid med å oppnå merket for berekraftig reisemål. Det vil si at me jobbar med berekraftig utvikling i reiselivet, og det er noko me aldri skal slutte å ha fokus på når me fyrst har begynt. No gjennomfører me ei undersøking for å høyre kva de som innbyggarar i Ål tenkjer om reiselivsutviklinga.

Berekraftig reiseliv inneber å ivareta behova til både dei besøkande, reiselivsnæringa og lokalsamfunnet når det gjeld natur, kultur og miljø, sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit.

Me sett stor pris på innspel og meningar frå deg som innbyggar og håper du kan bruke nokon få minutt på å svara uss.

Spørsmål til undersøkinga kan sendast til prosjektleiar Linda Dalene Bjerke e-post: linda@alutvikling.no   

Lenke til undersøkinga: https://no.research.net/r/N9J22R8

Sist endret: 19.05.2022