Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon vedr corona

Info om aktuell situasjon:

Me har fått informasjon der ein lærar frå ein anna skule som var på Knattholmen samtidig med Ål kommune, no er testa positivt for Covid 19.
Elevane frå denne skulen er også testa no, og nokon gir positivt resultat utan å ha symptom.
Usikkerheit i kor smitta kjem ifrå, gjer at smittevern- og kommuneoverlegen i Ål saman har kome fram til at alle elevar og tilsette som var på Knattholmen skal testast. Heile gruppa som har vore på Knattholmen vert testa for å avklare om Ål kommune må drive ytterlegare smittesporing eller ikkje. 

Ikkje ta kontakt med legekontor eller legevakt dersom du trur du kan ha vore i kontakt med nokon dette gjeld. Du vil bli kontakta dersom du er aktuell i smittesporinga. Dette er eit tiltak for å være i forkant av evt større omfang og meir smitte i Ål. Testing vil bli gjort søndag ettermiddag.

Alle som har vore i nærkontakt med ein smitta person, skal vera ti dagar i karantene, sjølv om dei ikkje får påvist smitte. Legevaktsentral og legekontor vert no kontakta av ein del personar i karantene som ynskjer koronatest slik at dei kan gå på jobb. Men, ein negativ test fritek ikkje dei som har vore i nærkontakt med ein smitta person for karantene, dei skal uansett vera i karantene i 10 dagar. 

Legevaktsentralen får også ein del generelle spørsmål knytt til covid-19. Slike spørsmål må rettast til nasjonal informasjonstelefon for korona på 815 55 015, eller så må folk finne svar på FHI sine nettsider. Det er viktig at folk ikkje ringjer legevaktsentralen med generelle spørsmål om korona, sidan det då bidreg til å blokkere legevaktsentralen sin telefon for akutte hendelser som må kome gjennom. 

Hjelp oss med å ikkje spreia smitte.

Hald avstand, vask hendene, hald deg heime om du er sjuk.