Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon til nærkontaktar

Oppdatert 15.11.21. Siste versjon finn du her: Koronaviruset

Frå og med 27.09.21 er det nye nasjonale retninglinjer for testing, smittesporing og karantene – nedjustert TISK. Etter smittauke er det gjort nokre endringar som er gjeldande frå 17.11.21.

Dersom du får beskjed om at du er nærkontakt vil vidare tiltak vere avhengig av grad av nærkontakt, vaksinasjonsstatus og eventuelt andre faktorar som til dømes yrke.

Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære (t.d. kjærast, bestevenn på overnattingsbesøk el.l.)

  • Testregime er pliktig for uvaksinerte og delvaksinerte husstandsmedlemmer og tilsvarande nære, t.d. kjærast: dagleg eigentesting, eller PCR-test annakvar dag, i 7 dagar
  • Alternativt karantene i 7 dagar
  • Dagane blir talt frå når den smitta blir isolert
  • Testregime anbefalt for husstandsmedlemmer som er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 siste 12 mnd: to testar i løpet av ei veke (først og sist i perioden), hurtigtest eller PCR-test
  • Hald deg heime til du har fått negativt svar på den første testen

Øvrige nærkontaktar (t.d. kollegaer, klasse, treningsgruppe, deltakarar på arrangement el.l.)

  • Øvrige nærkontaktar som er uvaksinerte eller delvaksinerte blir anbefalt ein test som kan tas straks

NB! Det er viktig at alle nærkontaktar har eigenobservasjon av symptom i 10 dagar og tar ny test ved utvikling av symptom

  • Nærkontaktar med symptom skal i isolasjon inntil ev. negativ test

Ekstra forholdsreglar for helsepersonell:

  • Helsepersonell som er definert som nærkontaktar er anbefalt bruk av munnbind i 5 dagar etter siste eksponering når dei har nærkontakt med pasient/bebuar samt halde avstand til kollegaer. Dette gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus. I tillegg er det svært viktig med eigenobservasjon av symptom for alle!

Du vil få beskjed om utdeling av hurtigtestar frå Smittesporingsgruppa.

Brukarveiledning til hurtigtestar: SARS-CoV-2 Self Antigen Self Test Nasal - NEW (roche.com)

Ved positiv test ta kontakt med Smittesporingskoordinator på tlf 4587 1447.

Du finn meir informasjon om nedjustert TISK her:

Nedjustert TISK (gjelder fra 27. september 2021) - Helsedirektoratet

Meir om nærkontakt og isolering:

Nærkontakter og isolering - FHI

Dersom du har spørsmål om nærkontakt, karantene eller testing kan du også ta kontakt med Smitteverngruppa i Ål på tlf 9911 7718 kvardagar mellom kl 12.30 og 15.00

Toril Bøyum
Kommuneoverlege i Ål