Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon til føresette i barnehagen

05.06.2020


29.05.2020 sendte Folkehelsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet ut 3. utgåve av smittevernrettleiaren for barnehagar under Covid-19 utbrotet.
Smitteverntiltak er nå nivåinndelt etter trafikklysmodellen (grøn, gul og raud), og endringar i høve kva for nivå smitteverntiltak i kommunen skal ligge på kan endrast på kort varsel.

Frå ny smittevernrettleiar kom har barnehagane brukt tida for å planlegge for meir opning.

Frå måndag 8.juni opnar barnehagane i Ål kl. 7.30 og stenger kl. 16.30. Me går ikkje inn på utvida opningstid utover kl. 7.30 – 16.30. For å unngå trengsel ved levering og henting, og tilpasse oppsett av tilsette til beste for barna ønsker me at føresette gjev melding til barnehagen om når ca. de kjem til å levere og hente barna. Vaksne skal framleis halde 1 meters avstand, så hald avstand ved levering og henting. 

Slik situasjonen er per i dag planlegg barnehagane i Ål barnehageoppstarten til hausten ut frå smitteverntiltak på gult nivå.

Her finn du brevet som er sendt til føresette

Meir informasjon på udir.no

Informasjonsfilmar om opning og corona