Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon om testing, smittesporing og karantene - nedjustert TISK

Informasjon om testing, smittesporing og karantene – nedjustert TISK.

Oppdatert 15.11.21. Siste versjon finn du her: Koronaviruset (aal.kommune.no)

27.09.21 kom det nye nasjonale retningslinjer for testing, smittesporing og karantene – nedjustert TISK. Denne endringa kom fordi me no har komme så langt i vaksineringa at befolkninga er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Dei fleste uvaksinerte er barn som har svært låg risiko for både sjukdom og seinfølgjer av Covid-19.

På grunn smitteauke dei siste vekene, meir smitte blant vaksinerte og press på helsetjenester er det gjort nokre endringar i testregime for nærkontaktar frå og med 17.11.21.

Alle over 65 år blir tilbydd oppfriskningsdose av covid19-vaksinen og målgruppene blir på det sterkaste oppfordra til å ta både denne og influensavaksine.

Det viktigaste er fortsatt:

  • Hald deg heime og test deg om du får symptom
  • Smitta? Gå i isolasjon, husstandsmedlemmer blir heime eller må teste seg
  • Informer dine nærkontaktar

Meir informasjon om nedjustert TISK:

T for testing:

  • Dersom du har symptom kan du ringe legekontoret på telefon 3208 5350 eller sende melding via Helserespons-appen for å avtale testing
  • NB! Det er framleis viktig at alle, både vaksinerte og uvaksinerte, held seg heime og testar seg ved symptom. Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule/barnehage når allmenntilstanden er god og symptoma avtakande. Meir informasjon finn du her:                Hva skal du gjøre ved nyoppståtte luftveissymptomer? - FHI

I for isolasjon:

  • Ved påvist smitte skal ein framleis i isolasjon
  • Ta kontakt med Smittesporingskoordinator på tlf 4587 1447 for oppfølging dersom du får ein positiv eigentest

S for smittesporing:

  • Kommunane skal konsentrere sin smittesporing om husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Den som får påvist smitte, eller føresette, blir bedt om å varsle øvrige nærkontaktar

K for karantene:

  • Dersom du har fått beskjed om at du er nærkontakt vil du få informasjon via den smitta sjølv, eventuelt smittesporingsgruppa eller for eksempel skule/barnehage
  • Testregime er pliktig for uvaksinerte og delvaksinerte husstandsmedlemmer og tilsvarande nære, t.d. kjærast: dagleg eigentesting, eller PCR-test annakvar dag, i 7 dagar
  • Alternativt karantene i 7 dagar
  • Dagane blir talt frå når den smitta blir isolert
  • Testregime anbefalt for husstandsmedlemmer som er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 siste 12 mnd: to testar i løpet av ei veke (først og sist i perioden), hurtigtest eller PCR-test
  • Hald deg heime til du har fått negativt svar på den første testen
  • Øvrige nærkontaktar som er uvaksinerte eller delvaksinerte blir anbefalt ein test som kan tas straks
  • Smitteverngruppa kan gjere individuelle vurderingar i forhold til t.d. yrke
  • NB! Det er viktig at alle nærkontaktar har eigenobservasjon av symptom i 10 dagar og tar ny test ved symptom
  • Nærkontaktar med symptom skal i isolasjon inntil ev. ny negativ test
  • Det aller meste av testing av nærkontaktar skal no gå føre seg ved eigentesting med hurtigtestar
  • Kommunen mottar hurtigtestar frå sentrale myndigheiter og vil distribuere desse etter behov

Du finn meir informasjon om nedjustert TISK her:

Nedjustert TISK (gjelder fra 27. september 2021) - Helsedirektoratet

Meir om nærkontakt og isolering:

Nærkontakter og isolering - FHI

Dersom du har spørsmål om nærkontakt, karantene eller testing kan du også ta kontakt med Smitteverngruppa i Ål på tlf 9911 7718 kvardagar mellom kl 12.30 og 15.00

Toril Bøyum
Kommuneoverlege i Ål