Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Info frå CWD-koordinator

CWD-koordinator for Nordfjella er Lars Nesse.

Covid 19 situasjonen har framleis innverknad på kva mogelegheiter ein har.

All møteaktivitet har vorte halde digitalt. I enkelte saker er dette greitt, men kan ikkje erstatte fysiske møter.
Etter påvisinga av skrantesjuke på Hardangervidda i september er det komme fleire rapportar om forslag til tiltak i 2021. Kva som skal skje under jakta i 2021 er no vedteke. Jaktstart 10 august til 7 oktober. Uttak av ca 700 vaksen bukk og 1000 – 1500 simler.
Tre av Nordfjella kommunane har og areal i Hardangervidda villreinområde.

Hjortevilt (elg og hjort)
15 april kom det eit nytt brev frå M.dir og Mattilsynet til kommunane om bestandsreduksjon av elg og hjort i Nordfjella og Hardangervidda. Det er ønskjeleg at bestanden av hjortevilt skal ned mot 1 hjortevilt pr. km2 skog og myr eller lågare. Ordførarane gav tilbakemelding.
VKM påpeikar at det også kan bli aktuelt med målretta utskyting av delbestandar av elg og hjort som brukar fjellregionane på Hardangervidda, noko som også er relevant der elg og hjort brukar Nordfjella sone 1.
20 mai kalla Viken Fylkeskommune inn fylkeskommunane og kommunane rundt Nordfjella og Hardangervidda til eit digitalt møte ang. bestandsreduksjon. Det er tydeleg at dette er eit tema som engasjerer, og det er positivt at Fylkeskommunane engasjerar seg.

Merka hjort
Hjorten som går med radioklavar er no i sommar områda sine. Dei som vart merka i 2020 er komne tilbake der dei oppheld seg i fjor. Dei som vart merka i år ser ut til å ha større vandring. To koller er kommen til Valdres, ei går i Vang og ei på Beitostølen. Desse vart merka på Borgund. Ein bukk som vart merka på Ljøsne i Lærdal er no kommen til Hemsedal.
Det ser og ut til at fleire av dei dyra som vart merka i år kryssar hoveddalføret meir enn det som har vore tilfelle tidlegare.
Hjorten kan følgjast på: https://kilden.nibio.no, dyreportalen.


Villrein 2021
Kvoten for Sone 2 er i år 60 dyr. Vedtak i Villreinnemnda for Nordfjella og Raudafjell. I 2020 var den på 250 dyr. Grunnen til den store nedgangen er at det i vinter vart funne mindre dyr enn ein hadde forventa. I Raudafjell kan det takast ut inntil 10 vaksen bukk.
Resultatet av kalveteljinga er enno ikkje klar. Tidlegare har det vorte leigd inn småfly frå lokale flyklubbar til teljingar, minimumsteljing om vinteren og kalveteljing om sommaren. No er det komme eit nytt regelverk slik at dette ikkje er mogeleg lenger. Eit alternativ ein har er å bruke helikopter, men her vært kostnadane betydeleg høgare.
Reetablering av villrein i sone 1
Det var halde eit digitalt møte i Reetableringsgruppa, 8 juni. Det er kalla inn til nytt fysisk møte 26-27 oktober. Ein reknar med at Cowid- situasjonen gjer at det vert mogeleg.

Beitebruk
Endringane i soneforskrifts vart vedteka den 9 juni. For Nordfjella område er det små endringar. Det vart under høyringa sendt innspel på å endre avgrensingane i Nordfjella, men dette innspelet vart ikkje teke til fylgje.
Tilskot til tiltak i beiteområder med CWD har i 2021 ei ramme på 8,5 mil kr. Gjeld både Nordfjella og Hardangervidda.
Mattilsynet vil i år ta tilbake kontrollen med grindeanlegga i beitesesongen. Dette vil medføre større helikoptertrafikk enn det var i 2020, då beitebrukarane fekk ei godtgjersle for at dei tok på seg oppgåva med å sjekke grindene gjennom beitesesongen.
Mattilsynet har og bestemt at salteplassar over 800 moh skal vere stengt seinast 1 oktober. Salteplassar under 800 moh skal vere stengt innan 20 oktober.

Sperregjerde
Her er det utført vedelikehald etter vinteren. Med mindre snømengder reknar ein med at arbeidet ikkje vert så omfattande som i 2020.
Skuleprosjekt
Det har no vore ein ny runde med invitasjon til skulane rund Nordfjella sone 1. 7 skular med 106 elevar har takka ja til å vere med. Opplegget vert som i fjor. Dei får tilsendt mareriell digitalt som dei skal gå gjennom på eiga hand og vert med ut i fjellet ein dag i slutten av august. Det er sett av 7 dagar til utedag.

Lærdal 8. juli 2021
Lars Nesse
CWD-koordinator

Informasjonsskriv 2. kvartal 2021