Det er fleire som etterspør klubb for barn og ungdom og her er ei oversikt over dei tilboda som ungdomskonsulenten kjenner til.
- Hallung på kulturhuset for ungdom frå 8. trinn og oppover.
Opent kvar tysdag og torsdag kl. 15.00-19.00. Følg oss på Facebook: "Hallung" og snap: "ungaaling". - Juniorklubb for 5-7 trinn kvar onsdag i Hallung sine lokale på kulturhuset. Kl. 15.00-19.00. Følg oss på snap- ungalling og Facebook- Hallung.
- Klubb 3:16 i lokale til HÅP- annankvar fredag for 8. trinn og oppover.(partalsveker) Neste gong 2. desember kl. 19.00-23.00. Følg oss på snap: "KLUBB 3:16"
- Klubb for ungdom frå 6-9. trinn på Torpo skule- grendahuset (inngang baksida)
kl. 18.30-22.00. Følg oss på Facebook: "Torpo barne og ungdomsklubb". - Open hall- kvar laurdag kl. 16.00-18.00 (nokre laurdagar kl. 14.00-16.00) Open hall er i idrettshallen på Ål. Her kan du kome å drive med den aktiviteten du ynskjer. Turn, basket, handball, volleyball m.m. Følg oss på snap: "ungaaling"
- Burger og brettspel. Kvar måndag kl. 17.00-21.00 i Ål kyrkjestugu frå 13-20 år.
For informasjon om kva som skjer på Ål for ungdom følg snap: "ungaaling", her leggast det ut ein del informasjon.
Sjekk også ut Ål kommune si nettside, Facebook sida «kva skjer i Hallingdal» Ål frivillighetsentral og dei lokale laga sine snapper og facebooksider.
Har dykk spørsmål? Send dei til meg på epost, sms eller snap.
Snart kjem Ål med eigen ÅL-app. Det gleder vi oss til😊
Ann.beate.oyre@aal.kommune.no
Telefon: 46812535
Med helsing ungdomskonsulenten i Ål
Ann Beate Øyre Bjørnsen