Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Influensavaksinering

For risikogrupper

Stad: Ål idrettshall, ingen timebestilling
  
Torsdag 29. oktober
  • Kl. 09.00-12.00 med etternamn A-G 
  • Kl. 13.00-15.00 med etternamn H-N
Fredag 30. oktober   
  • Kl. 09.00-12.00 med etternamn O-T
  • Kl. 13.00-15.00 med etternamn T-Å
  • Laurdag 31. oktober  Kl. 09:00-12:00 med etternamn A-N
  • Kl. 13:00-15:00 med etternamn O-Å
I tillegg er det sett av tid fredag 20. november Kl. 09:00-15:00
Folkehelseinstituttet tilrår vaksine til fylgjande risikogrupper
• Alle frå og med fylte 65 år
• Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim 
• Gravide i 2. og 3. trimester
• Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon
• Barn og vaksne med:
   -    diabetes mellitus (både type 1 og 2)
   -    kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
   -    nedsett immunforsvar og deira pårørande
   -    kroniske hjarte-/karsjukdom   
   -    kronisk leversvikt
   -    kronisk nevrologisk sjukdom og skade
   -    svært alvorlig fedme, dvs.  kroppsmasseindeks over 40 kg/m2
   -    anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg  
         helserisiko etter individuell vurdering av lege
I tillegg blir vaksinen tilrådd:
- Helsepersonell som har pasientkontakt
- Hustandskontaktar til personer med nedsett immunforsvar
Hensynet til smittevern vert ivareteke.
Betaling for barn og vaksne 
Influensavaksine egenandel  kr 50,-       
Pneumokokk vaksine kr 350,-
Betaling med bankkort, vipps eller kontantar
På grunn av mogleg mangel på influensavaksiner, må dei som ikkje høyrer til risikogruppe vente til ny informasjon kjem.