Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Influensavaksinering

Gjeld for risikogrupper

Illustrasjon vaksine -

Stad: Ål idrettshall, ingen timebestilling

Folkehelseinstituttet tilrår vaksine til fylgjande risikogrupper: 
• Alle frå og med fylte 65 år
• Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim 
• Gravide i 2. og 3. trimester
• Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon
• Barn og vaksne med:
   -    diabetes mellitus (både type 1 og 2).
   -    kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
   -    nedsett immunforsvar, og deira pårørande
   -    kroniske hjarte-/karsjukdom   
   -    kronisk leversvikt
   -    kronisk nevrologisk sjukdom og skade
   -    svært alvorleg fedme, dvs.  kroppsmasseindeks over 40 kg/m2
   -    anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg  
         helserisiko etter individuell vurdering av lege.
- husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
- helsepersonale som har pasientkontakt
  
Torsdag 29. oktober
  • 09.00-12.00 med etternamn A-G
  • 13.00-15.00 med etternamn H-N

Fredag 30. oktober

  • 09.00-12.00 med etternamn O-T
  • 13.00-15.00 med etternamn T-Å
For dei som er i jobb, eller det ikkje passar på oppsett dag:
Laurdag 31. oktober 
  • 09:00-12:00 med etternamn A-N
  • 13:00-15:00 med etternamn O-Å
I tillegg er det sett av tid:
Fredag 20. november 09:00-15:00

Smittevernhensyn vert ivareteke.

På grunn av mogleg mangel på influensavaksiner, må dei som ikkje høyrer til risikogruppe vente til ny informasjon kjem.