Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyring - forslag til endring av §3 i lokal forskrift om hundehald , Ål kommune

Høyringsfrist 2. mars 2020

Ål kommune sender på høyring  eit forslag til endring av §3 i lokal forskrift om hundehald.

Ny §3 skal lyde: Det er bandtvang i maskinpreparerte skiløyper frå 15. desember til 1. april i desse skiområda:

  1. Bergsjøområdet/Leveldåsen
  2. Liatoppen/Votndalsåsen
  3. Torpo og Oppheimsåsen
  4. Hallingdal Feriepark
  5. Øvre-Ål/Kvinnegardslia
  6. Sangefjell
  7. Veståsen

Etter 1. april gjeld den generelle bandtvangen. dersom nokon har med seg hund i maskinopreparerte løyper, skal denne ikkje vere til hinder for andre brukarar.

Det er bandtvang heile året i tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege føremål, og tilrettlagte friluftsområde.

Du kan sende innspel til: Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, postmottak@aal.kommune.no eller via denne lenka

Høyringsfrist 2. mars 2020