Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsing frå ordførarane i Hallingdal

Gje kvarandre ros og ver rause med kvarandre!

Det er ordførar Solveig Vestenfor sine avsluttande ord i denne videohelsinga.

Her kan du sjå ei videohelsing frå alle ordførarane i Hallingdal:

https://www.hallingdolen.no/koronainfo/

Dersom du synst det er utfordrande å høyre kva dei seier:
Her kan du lese kva dei vil formidle:

Solveig:
Kjære alle saman.
For litt over ei veke sidan vart verda snudd på hovudet, også for oss i Hallingdal. Dei aller fleste av oss lever liva våre på ei grøn grein. Me har full fridom til å gjera det me vil og vera saman med dei me vil. Og plutseleg så er me her. Der alle må ofre meir enn me får. Gje meir enn det me strengt tatt synest er greitt. For å hindre smitta i å spreie seg og for å ta vare på alle dei blant oss som ikkje tolar å bli sjuke. Fellesskapet må no gå foran den enkelte sine ønsker og behov. Me vil takke lokale medier fordi de har hjelpt oss, kontinuerleg, med å gje viktig informasjon ut til lesarar og lyttarar.

Pål:
Alle kommunane i Hallingdal har no oppretta kriseleiing og smitteverngruppe som heile tida jobbar for å handtere situasjonen, og aller viktigast; førebu oss på det som vil koma. Me er heldige som har dyktige leiarar i kommunen som set privatliv til side, og som jobbar ut frå at liv og helse har fremste fokus. Takk for jobben de gjer!

Heidi:
I våre kommunar har me mange tilsette som også har klart å snu seg rundt på imponerande kort tid. Det er rørande å vera vitne til det arbeidet som blir lagt ned. Me vil rette ein varm takk til alle heltar som står i første rekke for å førebygge smitte både mellom folk og mellom plassar ved å halde seg sjølve og lokale reine, som behandlar våre sjuke og ramma, som tryggar dei som er engstelege og dei som lagar kreative undervisningsopplegg – ja, takk til alle dykk som held hjula i gang. Forrige torsdag endra alt seg, også måten me yt tenester på. Den snuoperasjonen har vore vellykka. Takka vera innsatsen og innstillinga de har vist.

Tore:
Næringsliv, reiseliv, kulturliv og sjølvstendig næringsdrivande står midt oppi ei uverkeleg og tøff tid, der inntektskjelda for mange er heilt borte, medan andre framleis kjempar for å avgrense det økonomiske tapet. Ingen var forberedt på dette, men de skal veta at me tenkjer på dykk kvar einaste dag. Mange er råka og går ei uviss tid i møte med mange permitteringar. Dette gjer inntrykk på oss. Me håpar det er ei lita trøyst at krisepakka Stortinget har vedteke, vil kompensere for noko av tapet. Framover gjeld det å vera kreative og finne gode løysingar saman.

Petter:
For Hallingdal er hyttehallingane viktige, og me set utruleg stor pris på at de stiller opp i den ekstraordinære utfordringa me står overfor. Me ordførarar håpar at me så snart som mogleg kjem attende til ein normalsituasjon, der de hyttehallingar kan nyte den flotte naturen, gle dykk over dei investeringane de har gjort i kommunane våre – og leva det gode liv på hytta. Me er lei oss for at mange har lese stygge kommentarar i sosiale medier, og desse ytringane tek me sterk avstand frå.

Merete:
Det blir gjort ein super innsats av alle ungar, ungdom og vaksne! Heimekontor krev tålmod av alle! Dess flinkare me er til å overhalde råda frå helsemyndigheitene, dess raskare kan samfunnet bli normalt att. Det kan fort bli einsamt og stille når ein ikkje kan delta i sosialt liv, slik ein gjer elles. Difor: ta mange telefonar, meld deg som frivillig, gå ein tur og ver til nytte og glede for kvarandre på avstand.

Solveig:
Men me veit at me må vera tålmodige, for det vil bli verre før det blir betre. Krisa er ikkje over. Det vanlege livet er sett på vent. Gje kvarandre ros og ver rause med kvarandre. Takk for at du gjer ditt for at me skal klare å lande dette best mogleg!