Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helse og omsorg

Melding frå kommunalsjef for helse og omsorg

Til alle som mottek helsetenester i Ål kommune:

Det har dei siste vekene vore ei auke i smittetala i Ål kommune.
Helse- og omsorgssektoren og kommuneoverlegen vurderer kontinuerleg situasjonen, då den kan eskalere på kort tid. Helsepersonellressursane kan bli kritisk for kommunens helseberedskap, om mange skulle bli smitta i befolkninga. Det er viktig å vere forberedt på at dette fortsatt kan ramme vår sektor, både pasientar og tilsette. Dette kan føre til at omprioriteringer av helsepersonell og nedskalering av enkelte tenestetilbod.

Tilbod om praktisk bistand, ordinær kvardagsrehabilitering, aktivitetstiltak og liknande kan bli trappa ned eller sett på vent i ei periode om personalressursane ikkje rekk til eller må omfordeles. Me håper at tenestetilbodet vil gå som normalt, men ynskjer at alle er førebudde på mulige endringar på kort varsel. Kommunen vil sikre tett dialog med brukarar og pårørande om situasjonen skulle tilseie endringar.

Med ynskje om ei god og frisk veke!