Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bli med å halde Ål reint!

Nasjonal ryddeveke

Illustrasjon rydder

Veke 18 (29. april – 5. mai) er nasjonal ryddeveke med fokus på søppelplukking langs vatn og vassdrag.
Ål kommune vil oppmode alle til å gjere ein innsats med å plukke søppel, men då overalt. Det kan vere langs turstigen, på leikeplassen eller i nærområdet ditt. Om alle bidreg så vert bygda vår fri for søppel som kan skade for miljøet og legge ein dempar på trivselen. Du kan og arrangere ryddedugnad med familie/venner/kollegaer.

Finn du rundballeplast så ta med den også!

Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Hallingdalskommunane og køyrer konkurranse heile veka. Post eit bilde på sosiale medier med #helehallingdalrydder
Det vert trekt ut ein vinnar kvar dag.