Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Småjobbsentralen

Om Småjobbsentralen

Målet er at folk med litt arbeidslyst og tid til overs, kan være med å utføre småoppdrag for personer som ikkje klarer dette sjølv (i hovedsak eldre og personer med nedsatt førlighet eller funksjonsevne). Oppdragsgjevar betaler den som tek oppdraget eit beløp (200 kr. timen) etter eigne retningslinjer.

Ein småjobb er korte arbeidsoppgåver på maksimalt 4 timer, som det ikkje er naturlig at andre (profesjonelle, offentlege eller frivillige) tek seg av, og som ikkje konkurrerer med næringsverksemd.

Småjobbaren (hjelparen) registrerer seg for småjobboppdrag ved å fylle ut og skrive under på eit registreringsskjema og taushetserklæring. Her vert det registrert kva type oppdrag vedkommande er villig til å utføre. Dei som betjener sentralen skal sørge for å fordele oppdrag på alle som har meldt seg.
Småjobbaren representerar seg sjølv, og står fullt ut ansvarlig ovenfor oppdragsgjevaren.


For å bestille oppdrag ta kontakt med:

Ål kommune servicetorget
Opningstider kl 09.00 - kl 15.00
Telefon 32 08 50 00 eller send e-post på servicetorget@aal.kommune.no

Liste over oppdrag vi ønsker å tilby hjelp til:

Oppdrag Småjobbsentralen i Ål utfører 

Vårt fokus er å skape sosiale møteplassar og koble folk sammen.
Vi treng alltid fleire småjobbarar. Bli med, og gjer noko som er bra for alle.
Ikkje vær redd for arbeidsbelastninga. Du bestemmer sjølv. Vinn - vinn!
Er du interessert, ta kontakt med Frivilligsentralen i Ål tlf. 907 08 637‬ eller frivilligsentralen@aal.kommune.no eller ta ein tur innom kontoret i Ål Kulturhus.
Velkommen!

Kontaktinformasjon Småjobbsentralen i Ål 

Info til småjobbarar 

Registrering av hjelpar

Teieplikt

Bilete av plenklyppar