Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bli med på "Hallinghygge"

Bulystgrupper i alle Hallingdalskommunene jobbar no med å etablere ein lågterskel møteplass for innbyggarar i dalen, kalla «Hallinghygge»

Der kan du treffe nye og gamle vener. Me håpar særleg at du som er ny åling eller ny halling vil bli med på arrangementa, sidan dei byr på ein god moglegheit til å få deg eit nettverk og bli betre kjent i dalen.   For å få info om når det blir oppretta «Hallinghygge»-arrangement i Ål og dei andre kommunene, bør du følge Hallinghygge på Facebook 

Målet er at det skal gjennomførast minst to «Hallinghygge»-treff i alle kommuner i løpet av 2025. Tips gjerne vener, bekjente og kollegaer om å følge sida!  

Det er Regionalt program for bulyst i Hallingdal som har tatt initiativ til «Hallinghygge» og oppretta Facebook-sida. Det regionale programmet er eit samarbeid mellom kommunene, Regionrådet og Buskerud fylkeskommune. Saman jobbar vi for å auke trivsel og tilhøyre, attraksjonskraft og bærekraftig bustadutvikling i heile Hallingdal.    

Sist endret: 31.01.2025