Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hallingdal barnevernsteneste

Drift i samband med situasjonen rundt Coronavirus

Illustrasjonsfoto barnevern

Hallingdal barnevernteneste har gjort tiltak for å begrense møte mellom folk og spreiing av Corona-virus.

Frå måndag 16. mars er kontoret stengt, både hovudkontoret på Ål og lokalkontora i alle 6 kommunar.
Alle tilsette har no heimekontor og jobber heimefrå.

Tilsette i barnevernet er «Personell i kritiske samfunnsfunksjoner», og vi vil gjere det vi kan for å følgje opp og hjelpe barn og familiar som treng vår hjelp.
Det vil skje i samarbeid med råd og føringar frå kommuneleiing, kriseberedskap og statlege føringar.
Det vil seie at vi held drifta i gang, men må jobbe på ein annen måte enn tidlegare.
All oppfølging av familiar, samarbeidspartar og andre vil no skje på telefon, telefonmøter, Skype, mail og videokonferanse.
Sentralbordet er betjent og post vert behandla på same måte som elles.

Du kjem i kontakt med barneverntenesten på tlf. 32 08 53 10.
Akutte hendingar utanom ordinær arbeidstid vert ivareteke av Ringerike barnevernvakt. Dei er tilgjengeleg for alle innbyggjarar i Hallingdal og kan nåast på tlf.nr. 911 14 600.

Alle innbyggjarar må ta ansvar for kvarandre, og ikkje minst for barna våre.
Meld frå til barnevernet dersom du er bekymra for at barn lever i ein situasjon som kan vera til skade for deira helse og utvikling.
La oss håpe at dei tiltak vi no gjer, kvar og ein, gjer at vi fortast mogeleg kan koma tilbake til ein normal kvardag.
Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Lykke til alle saman.

Helene Sagabråten (barnevernleiar)»