Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Grønnsakproduksjon i Fjellandbruket

Nytt forprosjekt i Hallingdal

Deltakarar i forprosjektet. Foto Staffan Landsmann-Wiwe

Ål kommune er engasjert i eit nytt forprosjekt: Grønnsaksproduksjon og anna dyrking i Fjellandbruket

Lokalmat er i vinden og det er eit nasjonalt mål med ei fordobling i omsetninga frå 5 til 10 milliarder innan 2025.

Hallingdal har gjennom dei siste åra fått allsidig foredling av kjøtt, fisk og mjølk.
For å få til enno større breidde i produksjon av lokalmat, ser me behovet for å dyrke meir grønnsaker, poteter, bær og urter lokalt.
Det kom forslag om dette på møtet som Buskerud Bonde- og småbrukarlag arrangerte på Ål 6. april.
Etter dette har det vorte gjennomført eit nytt arbeidsmøte 17. oktober der det vart drøfta mogelegheiten for å få til auka grønnsaksproduksjon i Hallingdal. På møtet var dei 17 deltakarane samde om å utarbeide ein søknad til eit forprosjekt for finne ut om det er behov for auka produksjon og omsetning.

Gruppa på møtet bestod av 10 interesserte produsentar, 4 frå landbrukskontora, 
1 næringskonsulent og 2 formidlarar. Frå Bonde- og småbrukarlaget møtte begge leiarane frå Gol og Hemsedal og for Ål.

For meir informasjon kontakt Marit Nerol på 3208 5083 eller på: marit.nerol@aal.kommune.no