Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Grøn fagskule

Fagskulestudier innan landbruk på deltid

Fagskolen Innlandet, studiestad Hvam tek opp studentar til tre ulike studier, med oppstart til hausten. Studiene vert gjennomført på deltid, med ca. 10 samlingar pr. år.
I tillegg vil det vere obligatoriske oppgåver, øvingar og nokre kvelds/nettsamlingar.
Søknadsfrist er 15. april, og du kan velge mellom:

• Planteproduksjon og driftsleiing – 60 studiepoeng
• Natur- og kulturbasert entreprenørskap – 30 studiepoeng
• Økologisk landbruk – 60 studiepoeng
Det krevst ikkje generell studiekompetanse, men fagskulen bygger på fullført 3-årig utdanning innan naturbruksprogrammet eller 5 år anna relevant utdanning/praksis. Studiene egner seg bra for deg med landbrukserfaring.
Les meir om korleis du søker hos Fagskolen Innlandet og om innhaldet i studiene hos Hvam videregåande skule.