Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gratis kurs: Energitiltak i eldre murbygg

Buskerud bygningsvernsenter arrangerer gratis kurs om energitiltak i eldre murbygg 28. mars kl. 18.

Kurset tar for seg typiske problemstillingar knytta til varmetap i eldre murhus og murgardar. Dei vil gjennomgå enkle og rimelege tiltak som reduserer straumforbruk og gir betre bokomfort, ulike typar isolasjon/etterisolering, vindauge og tetting, ventilasjon, vegger/murfasadar og materialval.

Dette er eit kurs for deg som ønskjer å gjere energitiltak på ein bærekraftig og omsynsfull måte! Kurshaldar oppfordrar til å førebu nokre spørsmål om ditt bygg – det blir høve til å stille spørsmål undervegs og etter foredraget.

Program
• 18:00 - 18:05: Velkomen v/ Buskerud bygningsvernsenter
• 18:05 -18:25: Korleis er murbygg konstruert? Murfasadar og materialval
• 18:25-18:45: Vurdering av tiltak i gamle hus - kva for tiltak har størst effekt? Korleis går ein fram? Ulike tiltak og oppvarmingskjelder
• 18:45-19:15: Ulike typar isolasjon – korleis og kvar? Typiske døme, problemstillingar og val av isolasjonsmateriale
• 19:15-19:30: Spørsmål og diskusjon

Praktisk informasjon
• Pris: Gratis!
• Tid: Tysdag 28. mars kl. 18:00 på Teams
• Instruktør: Murmester og arkitekt Ulf Teigen frå Murbyen Oslo
• Stad: Kurset er digitalt og gjennomførast på Teams
• Påmelding: https://forms.office.com/e/2L3M9z76Pu (du vil få tilsendt lenke til Teamsarrangementet nokre dagar i forkant av arrangementet)
• Har du spørsmål? Kontakt Linn Marie Krogsrud, linnkr@viken.no, tlf. 97672978

Samarbeidspartnar er Fredrikstad bygningsvernsenter og Murbyen Oslo. Kurset er ein del av Buskerud bygningsvernsenter sin nye ENØK-satsing i samarbeid med Akershus bygningsvernsenter, Murbyen Oslo, Fortidsminneforeningen, Bygg og bevar og Viken fylkeskommune. Les meir om satsinga her:
Energirådgivning i eldre bygg - Viken fylkeskommune.

Sist endret: 23.03.2023