Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gratis klima- og energirådgjeving

Ål kommune tilbyr gratis klima- og energirådgjeving fram til 15. desember 2021

Klima og energi Viken

Gratis klima- og energirådgjeving til eigarar av bustad.

Ål kommune tilbyr fram til 15. desember 2021 gratis klima- og energirådgjeving til innbyggjarane sine. Dette omfattar mellom anna:


• Energianalyse av bustaden din på nett
• Rådgjeving på telefon og e-post
• Digital synfaring med energirådgjevar (begrensa tilbod)
• Informasjonsmøte om smarte klima- og energitiltak, sykkel og elbillading

Kampanjen rettar seg mot bustadeigarar og pågår fram til 15. desember 2021. Rådgjevinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavennleg - og i større grad bruker lokale fornybare energikjelder som solenergi.
I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

Gratis og uforpliktende klima- og energirådgjeving
Ål kommune gjennomfører ein klima- og energirådgjevingskampanje retta mot hushaldningar  fram til 15. desember 2021. Hensikten er å motivere hushaldningane til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavennlege valg gjennom bruk av energiportalen.no (på nett), tilbod om digital synfaring med energirådgjevar og klima- og energirådgjeving på telefon og e-post. Du kan mellom anna få råd om:

• Elbillading
• Etterisolering av veggar og tak
• Bytting av vindu og dører
• Installering av varmepumpe
• Solceller
• Smart styring
• Alternative energikjelder
• Støtteordningar frå Enova

Energianalyse på nett
Verktøyet Energiportalen muliggjer objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til www.energiportalen.no og søk opp bustaden din . Du får rettleiing om korleis du skal bruke den

Rådgjeving på telefon og epost
Energirådgjevarar besvarar spørsmål på telefon og epost frå måndag til og med fredag frå klokka 0900 til 1500. Energirådgjevarar vil hjelpe deg mellom anna med smarte klima- og energitiltak for bustaden din , spørsmål om solceller, smart styring, støtteordningar og råd om ladeløysingar for elbil.
Rådgjeving på e-post: post@energiportalen.no
Rådgjeving på telefon: 466 26 000

Synfaring med energirådgjevar
Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgjevar, som vil kunne hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar i bustaden din. Dette er eit begrensa tilbod.
Ring 466 26 000 for avtale.

Informasjonsmøte om smarte klima- og energitiltak
Det vil bli avholdt digitale informasjonsmøter om smarte klima- og energitiltak i bustader den 11. mai og 21. september.
Gå til www.klimasmart.no for nærmere informasjon og lenke til møtene.

Kampanjeinformasjon og aktiviteter finner du på www.klimasmart.no
Det vil bli publisert korte energitips filmer og konkurranser på https://www.facebook.com/klimasmart.no/

Kampanjen er finansiert av Viken fylkeskommune, og blir arrangert i samarbeid med kommunar, Klima Østfold og Klimapartnere Viken. Tenestene og rådgjevinga er levert av Energiportalen AS, Energibygg AS, Simenergi AS, Asplan Viak AS, Naturvernforbundet og Elbilforeningen.

Om du har spørsmål til kampanjen, kan dei rettast til: post@energiportalen.no eller ved å ringe 466 26 000.