Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gratis 3-retters middag

Tilbod til alle fullvaksinerte heimebuande eldre i Ål

Ål kommune inviterer alle fullvaksinerte heimebuande innbyggjarar over 65 år til gratis 3-retters middag og transport i tida 24.8.-5.9.2021

Aldersgruppe: 65 til 105 år

Dette er midlar Ål kommune har fått tildelt frå Statsforvaltaren som ynskjer eldre skal kome saman og ha det sosialt rundt eit godt måltid mat. Samstundes blir næringslivet vårt støtta. 

Desse restaurantene er med: Hallingdal Feriepark, Skogens konge, Sundre Gjestestugu, Thon Hotell Hallingdal, TID kafé & landhandel, Rødungstølen Høyfjellshotell og Bergsjøstølen Fjellstue. 

Menyar og datoar finn du her: Eldre ut på middag (4)

Påmelding: i perioden 1.8. - 18.8.21:
Gje beskjed om kva dag og restaurant du ønsker, og om du har behov for skyss.  
Ål frivilligsentral, Turid Hilde Gåsbakk
epost: thg@aal.kommune.no
tlf.: 90 70 86 37.

Bli med og få gjerne med naboen, turkameraten, vennen, venninna, ektefelle mm.