Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gjerde på hytta?

Kvifor er det så viktig med rett type gjerde?

Levande lam i straumgjerde

Biletet syner eit lam som vart funne i sumar ved ei hytte i Ål kommune.

Aktuelle gjerdetypar kan vera nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde eller skigard.

Gjerdet må vera minst ein meter høgt og ha ei utforming slik at sau og lam ikkje set seg fast, eller kan smette gjennom. Hugs at grinder skal slå utover. 

Mattilsynet tolkar Lov om dyrevelferd slik at det ikkje er lov å bruke tråd eller plastnettinggjerde, verken med eller utan straum.
Straumgjerde er kun for landbruket og for å halde dyra på plass.