Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gjennomgang av spelemidelordninga

Kultur- og likestillingsdepartementet har starta ein heilheitleg gjennomgang av spelemidelordninga for anlegg til idrett og fysisk aktivitet og ønskjer innspel på korleis spelemidelordninga fungerar i dag og kva som eventuelt bør verte endra.

Spelemidelordninga let frivillige lag og organisasjonar søke om midlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det vere seg store anlegg for organisert aktivitet ute og inne, nærmiljøanlegg for eigenorganisert aktivitet, turveger, skiløyper, gapahuker, kart m.m.

Det er overskotet frå lotteristiftinga som går til dette føremålet, og ordninga vert forvalta av Kultur- og likestillingsdepartementet. Kommunen er sakshandsamar for alle søknadar i sin kommune, og i Ål er det Kristine Kapperud som har dette ansvarsområdet. Vidare går søknadane til fylket for fordeling av tilskot.

Du kan lese meir om ordninga på www.anleggsregisteret.no

Kultur- og likestillingsdepartementet har starta ein heilheitleg gjennomgang av spelemidelordninga for anlegg til idrett og fysisk aktivitet. I Hurdalsplattformen framgår det at regjeringa ønsker å leggje til rette for at det blir bygd fleire idrettsanlegg. Departementet ønsker difor innspel på korleis spelemidelordninga fungerar i dag og kva som eventuelt bør verte endra. Som ein del av arbeidet blir det gjennomført møter i alle landets fylkeskommuner. Departementet har sett opp nokre tema og spørsmål for innspelsarbeidet som dei tenker er viktig og som kan bidra til å strukturere innspelsprosessen. Desse ligg vedlagt.

Ber om at innspel på spelemidelordninga vert sendt på e-post til kultur og idrettskonsulent Kristine J. Kapperud (kjk@aal.kommune.no) eller leiar i Ål Idrettsråd Ola Opheim (ola@svall.no) innan måndag 23. januar.

Ål Idrettsråd skal ha møte 25. januar og innspela vil bli presentert her.
Viken fylkeskommune gjennomfører innspelsmøte 9. februar kl 12.00 – 15.00. Kultur- og idrettskonsulent Kristine J. Kapperud deltek digitalt og tek med innspel frå Sektorutval for kultur og oppvekst, Ål Idrettsråd og organisasjonane/søkarane.
Det vil bli sendt ut meir informasjon i etterkant av møtet 9. februar, der det blir ytterlegare høve til å kome med innspel fram til 20. februar.

Sist endret: 04.02.2023