Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gis bort

Bygg og ting frå Wangen på Torpo

Hus

Gis bort

Ål kommune har kjøpt eit areal på Torpo, Wangen, som vi skal utvikle til næringsareal.

Alle bygg og anna ting på området skal bort. Vi må rive alt for å kunne gå vidare i prosessen.

Administrasjonen har bestemt at dei som finn noko dei ønskjer på området kan melde i frå til oss innan ein dato. Er det fleire som ønskjer det same tek vi ei loddtrekning.

Vi gir bort heile hus, delar av hus (den som får det må då sjølv stå for ta det ut av bygget (f.eks dør, vindauge mm.) og lausøre (material, reiskap mm).

Vi gjer merksam på at all ferdsel i området skjer på eiga hand. Nokre av bygga er i dårleg stand så sjå dykk for.
Alt arbeid med å ta ut delar av bygg og henting av heile bygg skjer også på eigen risiko.

Tidsskjema
Veke 36 - 40:
Området er ope for alle. Vi har opna alle dører slik at de ôg kan sjå inne.

4. oktober:
Frist for å melde inn kva de ønskjer.

Veke 41:
Ål kommune gjennomfører loddtrekning og melder attende om kven som får kva.

1. november:
Frist for å hente det ein har fått.

Det som står att på området etter denne datoen vert rive ned og sendt til avfallsmottaket i Kleivi.

Dei som ønskjer noko:
Meld frå til Bodil Hallset på e-post (bodil.hallset@aal.kommune.no) eller telefon: 3208 5068.