Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Frivilligheitsåret 2022 i Ål kommune

Markeringa av Frivilligheitsåret 2022 er no godt i gong i Ål kommune!

Gjennom året vil det foregår ei rekke signalarrangement i Ål, som skal feire og sette søkelys på frivillige lag og organisasjonar i kommunen.

I mai blir det både #samanpåtur -  ei heil veke med turarar og aktivitetar - og Sykkelfestival på Sundre.

I august arrangerer Ål kommune Fritidsmesse for alle lag og organisasjonar i bygda, der ein kan syne seg fram, rekruttere nye medlemmar og dele erfaringar med andre.

Laurdag 10. september vert det storstilt feiring, når den offisielle opninga av turstigen Elvelangs går av stabelen.

Ein komité nedsatt av kommunen kooordinerar signalarrangementa under Frivilligheitsåret 2022. Dei jobbar også no med ein galla for frivillige i kommunen på tampen av året.

Laurdag 7. mai fekk alle husstandar denne brosjyra (LENKE) i postkassa. Der kan du lesa meir om arrangementa i frivilligheitsåret, og om nokre av dei mange frivillige eldsjelene i bygda vår.

Sjå brosjyra her: Frivillighetens år

medium-Logo_Hovedlogo_Positiv.jpg

Sist endret: 19.05.2022