Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fritidsmesse i Ål

Tirsdag 23. august er alle lag og foreiningar i Ål invitert til å delta på ei «Fritidsmesse» på Ål Kulturhus.

Foto: Vegard Breie

Her kan de stå på stand, ha ein aktivitet, vise bilete eller filmar eller gjere noko anna. Det viktigaste er at de viser dykk fram og fortel sambygdingane om kva de driv med!

Målet med messa er nemleg å få fleire Ålingar (både fastbuande og hytte-ålingar) til å oppdage det store mangfaldet i foreiningslivet i bygda.

Kanskje vervar de også nokre nye medlemmer i løpet av dagen?
Påmelding innan 20. juni via dette skjema.

Sist endret: 23.06.2022