Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Førehandsrøysting

Alle med røysterett kan førehandsrøyste i tida 10. august - 10. september i Ål kommune.

Du kan også førehandsrøyste her sjølv om du ikkje er manntalsført i Ål kommune.

Her kan du førehandsrøyste:

Tingstugu, Servicetorget

  • Måndag-fredag, 10. august-10. september 09.00 - 15.00
  • Laurdag 4. september 10.00 - 14.00
  • Torsdag 9. september 15.00 - 20.00

Det vert også førehandsrøysting:

  • Ål helsesenter måndag 6. september 10.00 - 14.00
  • Hallingdal sjukestugu tysdag 7. september 10.00 - 13.00
  • Ål vidaregåande skule onsdag 8. september 10.00 - 13.00

Hugs legitimasjon! Dei fleste vil få valkort digitalt på telefon. Dersom du mottek det i posten, ta det med.

Om røysta di skal sendast til ein annan kommune så hugs at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg som mogeleg slik at røysta kjem fram i tide, innan 14. september klokka 17.00.

Meir info om valet finn du her