Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkemøte -  «Parkeringshustaket»

Laurdag 26. april klokka 15.00 på TID Kafè og Landhandel

Tre bilete i "polaroidformat" som viser yrande folkeliv på "parkeringshustaket" utanfor TID Kafè og landhandel på Sundre.

Sommaren 2025 testar Ål kommune å gjere «parkeringshustaket» utanfor TID Kafè og Landhandel om til park-, aktivitets-, og avslappingsområde.Testen foregår frå medio mai ut august månad.

Dette er eit midlertidig tiltak for å teste ut nye idear til moglege generasjonsmøtestader og andre aktivitetar i sentrum av Sundre.

Frå og med 1. september 2025 blir det igjen parkering på taket.  

Laurdag 26. april kl 15.00 er det ope møte på TID Kafè og Landhandel der alle som vil kan bidra på ein idèverkstad.

Her skal vi finne ut kva taket skal nyttast til i sommar. Mot slutten av økta er det møteforsamlingen som stemmer (og bestemmer) kva tiltak vi skal teste ut.

Møtet varar i omlag 2 timar.

Vel møtt!

Sist endret: 15.04.2025