Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Flyktningkonsulent

80 - 100% fast stilling frå 1. oktober 2019

Flyktningkonsulent i Innvandrartenesta 

Me søker

Det er ledig 80-100 % fast stilling som flyktningkonsulent i flyktningtenesta frå 01.10.19. Flyktningtenesta har ansvar for å etablere og følgje opp flyktningar i fem år etter busetting i kommunen. 

Flyktningtenesta og Ål vaksenopplæring er organisert i avdelinga Innvandrartenesta i oppvekstsektoren. 

Me er på utkikk etter ein person med stort engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet. 

Arbeidsoppgåver

  • Praktiske og administrative oppgåver ved busetting og etablering av flyktningar
  • Koordinere introduksjonsprogram for nyankomne flyktningar
  • Oppfølging og rettleiing av busette flyktningar, blant anna i språkpraksis og mot utdanning og arbeid
  • Integreringsarbeid
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga 

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid må påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, gjerne sosialfagleg
  • Erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstendig arbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Må ha førarkort og disponere bil
  • Språkkunnskapar, helst i tigrinja og/eller arabisk
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Menn vert oppmoda til å søke. 

Me tilbyr

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Full barnehagedekning i kommunen
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. 

Politiattest

Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga. 

Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk "Søk stilling" og fyll ut søknaden. Ta gjerne kontakt dersom du treng hjelp til å

søke elektronisk på tlf 32 08 50 00. Informasjon etter kvart i tilsettingsprosessen vert sendt ut på e-postadressa som

du loggar deg på med. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ta med kopi av vitnemål og attestar til eit ev intervju. 

Søknadsfrist    15.08.2019                                                       

Kontaktperson

Silje Landsmann-Wiwe, avdelingsleiar Innvandrartenesta, mobil: 91886642, slw@aal.kommune.no