Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fartshumpar

Ål kommune skal etablere nye fartshumpar i kommunen til hausten.

Det er planlagt etablert 12 fartshumpar i følgande vegar:

  • Kuluvegen
  • Hagovegen
  • Berglivegen
  • Nedre Thoreplassveg
  • Vestlivegen/Kittilsvegen
  • Tjødndalsvegen
  • Sundrevegen
  • Sundrehagavegen
  • Prestegardsjordet

Dette er tiltak for å redusere fart på vegar med stor trafikk og fart, og/eller vegar som nyttast som skuleveg for barn og unge.

Dersom det er andre vegar vi bør vurdere å etablere fartshumpar kan du ta kontakt med kommunen om dette på e-post: servicetorget@aal.kommune.no

Sist endret: 13.05.2022