Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Faktura for kommunale gebyr 2. termin 2022 er no sendt ut

Gebyr som er fakturerte er vatn, kloakk, renovasjon og eigedomsskatt.

I tillegg er det fakturert feiing og branntilsyn for dei eigedomar som har hatt dette i år. Spørsmål om feiing og branntilsyn kan rettast til Hallingdal brann og redning v/Anja Hjallen, tlf. 96625425.

Forfallsdato for 2. termin er frå i år endra frå 20. oktober til 20. september.

Frå 2022 tilbyr vi at faktura på kommunale gebyr kan delast opp i inntil seks terminar. For å inngå avtale om oftare faktura må det fyllast ut eit søknadsskjema.

Meir informasjon om oppdeling av faktura her: Bustad og eigedom

NB! Tilsendte faktura kan me kreditere dersom det blir gjort avtale om fleire terminar innan 15. september.

Du kan sjølv utsetje / dele opp faktura på Mi side.

Sist endret: 28.09.2022