Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fagkoordinator

Ledig stilling i Hallingdalskommunane som koordinator for programvare oppvekst - 100% fast

                                                                   

Kommunane i Hallingdal (Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol) samarbeider om innkjøp og drift/vedlikehald av felles programvare for barnehagar og grunnskular. 

Frå 1. juli 2018 er det ledig:

100% fast stilling som fagkoordinator for programvare i oppvekstsektoren

Fagkoordinator har oppfølgingsansvar overfor faggrupper for administrativ og pedagogisk programvare i oppvekstsektoren.

Aktuell programvare p.t. er Visma Flyt skole, Tieto/Oppad barnehageprogram (win), Tieto/Oppad Sikker Arbeidsflyt, Office365 og Skooler. I tillegg nyttast CONEXUS Engage og CONEXUS Insight.

Administrasjonsprogram for barnehagar, BAS, skal setjast ut på anbod hausten 2018. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle faglege og driftsmessige løysingar og rutiner knytta til aktuell programvare for barnehagar og skular.
  • Oppfølging og tilpassing av nye programmodular og funksjonar.
  • Bistå faggruppene for administrativ programvare og pedagogisk programvare i oppvekstsektoren og følge opp vedtaka deira.
  • Ansvaret for kontakt og oppfølging av programvareleverandører.
  • Ansvaret for oppfølging og samarbeid med IKT-Hallingdal innenfor fagområda.
  • Oppfølging og samarbeid om integrasjonar mellom programvarer.
  • Kontaktperson innafor fagområdet og brukerstøttefunksjon for kommunane. 

Krav til søkjar:

  • Høgskule eller universitetsutdanning innafor IKT i utdanningssektoren og / eller pedagogikk.
  • Relevant arbeidserfaring (kan delvis erstatte formell utdanning).
  • Det er ein fordel med kompetanse innafor kommunal forvaltning i oppvekstsektoren
  • Evne til å arbeide sjøvstendig, løysingsfokusert og strukturert.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg. 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb i eit aktivt fagmiljø med mange utfordringar og mogelegheiter for vidareutvikling.
  • Gode lønns- og pensjonsordningar.
  • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad. 

Arbeidsstad:

Hol kommune er vertskommune og vil vera arbeidsgjevar.

Då dette er ei interkommunal stilling i Hallingdal, vil søkjars tilknytning til dalen eller ynskje om busetjing i dalen kunne påverke arbeidsstaden. Kontorstad vil då vera i eit av kommunehusa i Hallingdal. Slike moment ber ein om at vert teke med i søknaden.

Søkjarar må ha førarkort for bil. 

For meir informasjon kan du kontakte:

Fagkoordinator Rune Skarsten 32092112 / 92248896 rune.skarsten@hol.kommune.no

IKT-koordinator Halgrim Merødningen 91751704 halgrim@hallingdal.no

Kultur-og oppvekstsjef Inger- Lise H Blakstad 32092192 Inger-Lise.Hoger.Blakstad@hol.kommune.no 

Søknadsfrist: 15.april 2018 

Søknad med oppdatert CV vert å sende på e-post til postmottak@hol.kommune.no eller som post til: Hol kommune, postmottak, Ålmannvegen 8, 3576 Hol. Mrk 18/01404

Kopi av vitnemål og attestar tas med til evt. intervju. Vitnemål og attestar vert ikkje returnert.