Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Erfaringskonsulent

Nyoppretta stilling frå oktober.

Kjetil Johnstad starta opp i nyoppretta 50% stilling frå oktober 2019.

Kjetil sine kvalifikasjonar er eigne erfaringar og opplevingar frå rusmisbruk, kriminalitet og psykisk helse. Dette er no 20 år gamal historie og han vil no møte personar som slit med det same med eigne erfaringar.

I tillegg har han mange års erfaring med å hjelpe andre frå engasjement i frivillige hjelpeorganisasjonar og institusjonar. Denne kunnskapen blir eit viktig supplement til kommunal tradisjonell helse- og omsorgsteneste.

Kjetil er tilsett i Avdeling psykisk helse og rus og han vil ha faste møtedagar eller etter avtale.
Han kan treffast på telefon 907 42 189 eller avdelinga sin kontakttelefon: 916 66 850. Har du ynskje om å møte Kjetil, ta direkte kontakt.