Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Er du mellom 18 og 30 år, og jobbar som sommarvikar eller er fast tilsett i ei bedrift i Ål?

Då er du invitert til å bli med på Fjellspire; eit sosialt program for unge vaksne sommaren 2023.

plakat om Fjellspire-ordningen

Fjellspireprogrammet vil foregå frå ca 20. juni til ca 20. august. Kvar veke arrangerer me ein eller fleire sosiale og gøyale aktivitetar som du kan bli med på etter jobb. Det blir for eksempel:    

· Ettermiddagsturar på fjelltoppar  

· Sykling på sti og stølsveg

· Grilling og sosiale treff 

· Konsertar, festivalar og pubkveldar  

· Bading  

Og masse anna! 

NB: Nokre aktivitetar blir sponsa av Ål kommune, nokre er gratis og nokre vil ha ei deltakaravgift. Du bestemmer sjølv kva aktivitetar du vil bli med på.    

Interessert? Meld deg på innan fredag 9. juni. Me kontaktar deg så snart programmet med aktivitetar er klart!  

MELD DEG PÅ VIA SKJEMA HER: https://forms.office.com/e/ZvzmUuASav

Sist endret: 19.09.2023